Guten med Øldunken

Noen historier er slik, at en må legge til mellom linjene. Denne historien handler om øl, så da deler vi den gjerne her. Så får du noen å tenke videre på.

Guten med Øldunken

-av Asbjørnsen og Moe

Det var ein gong ein gut som hadde tent lenge hos ein mann nordafjells. Denne mannen var ein meister til å brygge øl, det var så urimeleg godt at det ikkje fanst maken til det. Då guten skulle reise derifrå og mannen skulle betale han lønna han hadde tent, ville guten ikkje ha anna enn ein dunk [1] av juleølet. Ja, dunken fekk han og gjekk av garde med, og bar han både langt og lenge. Men dess lenger han bar på øldunken, dess tyngre blei børa. Så tok guten til å sjå seg omkring, om det kom nokon han kunne drikke med, så ølet kunne minke og dunken letne.

Langt om lenge trefte han ein gammal mann med eit stort skjegg.

«God dag», sa mannen.

«God dag att», sa guten.

«Kor skal du hen?» sa mannen.

«Eg leitar etter nokon å drikke med så eg kan få letta på dunken min», sa guten.

«Kan du ikkje likså godt drikke med meg, som med ein annan?» sa mannen. «Eg har fare både vidt og langt, så eg er både trøytt og tørst.»

«Jo, kan eg så», sa guten; «men kor kjem du ifrå, og kva er du for ein mann, då?» sa han.

«Eg er Vårherre, og eg kjem frå himmerike, eg», sa mannen.

«Deg vil eg ikkje drikke med», sa guten, «for du gjer så stor forskjell på folk her i verda og deler ut retten så ulikt at somme blir rike og andre ringe. Nei, deg vil eg ikkje drikke med», sa han, og labba av stad med dunken sin.

Då han hadde gått eit stykke til, blei dunken så tung igjen. Han syntest ikkje han orka å bere dunken lenger om det ikkje kom nokon han kunne drikke med så ølet kunne minke i dunken. Jo, så trefte han ein stygg, skranglete mann som kom fykande så fort.

«God dag», sa mannen.

«God dag att», sa guten.

«Kor skal du hen?» sa mannen.

«Å, eg leitar etter nokon å drikke med så eg kan få letta på dunken min», sa guten.

«Kan du ikkje likså godt drikke med meg som med ein annan?» sa mannen. «Eg har fare både vidt og langt, og ein øltår kunne gjere godt i ein gammal skrott», sa han.

«Jo, kan eg så», sa guten, «men kva er du for ein, og kor kjem du ifrå?» spurde han.

«Eg? Eg er kjend nok, eg er fanden og kjem frå helvete, eg», sa mannen.

«Nei», sa guten, «du berre piner og plagar folk, og der det er noka ulykke på ferde, der seier dei støtt det er di skuld. Nei, deg vil eg ikkje drikke med», sa guten.

Så gjekk han langt og lenger enn langt igjen med øldunken sin, til han syntest børa blei så tung at han ikkje orka å bere ho lenger. Han tok til å sjå seg omkring att, om det ikkje kom nokon han kunne drikke med så dunken kunne letne. Jo, langt om lenge så kom det ein mann att, og han var så tørr og skranglete at det var ein reint guds under at han hang i hop.

«God dag», sa mannen.

«God dag att», sa guten.

«Kor skal du hen?» spurde mannen.

«Eg skulle sjå om eg kunne finne éin å drikke med så dunken min kunne letne litt, for han blir så tung å bere», sa guten.

«Kan du ikkje drikke med meg, likså godt som med ein annan?» sa mannen.

«Jo, kan så», sa guten. «kva er du for ein, du då?» sa han.

«Dei kallar meg for dauden», sa mannen.

«Deg vil eg drikke med», sa guten, og la ned kaggen [2] og gav seg til å tappe øl i skåla. «Du er ein fagnamann [3], for du gjer alle like, både fattige og rike.»

Så skåla han med dauden, og dauden syntest det var eit herleg drikke, og då guten unnte han vel, drakk dei om kvarandre så ølet minka og kaggen letna.

Til sist sa dauden: «Eg har aldri kjent drikk som smakte betre og gjorde meg så godt som det ølet du har skjenkt meg. Eg syntest eg blei som nyfødt innvendig og veit ikkje kva eg skal gjere deg til takk for det.» Men då han hadde tenkt seg om ei stund, sa han at kaggen aldri skulle bli tom, same kor mykje dei drakk av det,. Og ølet som var på kaggen, skulle bli til helsebot, så guten kunne gjere sjuke friske att, betre enn nokon doktor. Og så sa dauden at når guten kom inn til ein sjuk, då skulle dauden støtt vere der og syne seg for han, og det skulle han ha til sikkert merke at når dauden sat ved føtene, så kunne guten frelse den sjuke med ein helsedrikk av kaggen, men sat dauden ved hovudgjerdet [4], så var det verken hjelperåd eller helsebot å få.

Guten var snart namnspurd, så han blei henta vidt og breitt. Han hjelpte mangfaldige til helse att, som det ikkje hadde vore hjelp for. Når han kom inn og såg kor dauden sat hos den sjuke, spådde han enten liv eller daude, og støtt var han sannspådd. Han blei både ein rik og mektig mann, og til sist blei han henta til ei kongsdotter langt borti landa. Ho var så farleg sjuk at ingen doktor trudde seg til å hjelpe ho meir, og så lovde dei han alt han kunne ønske og forlange, om han kunne frelse [5] ho.

Då han kom inn til kongsdottera, sat dauden ved hovudgjerdet, men han sat og blunda og nikka, og mens han sat slik, kjende ho seg betre. «Her gjeld det liv eller daude», sa dokteren, «og det er vel inga frelse, om eg ser rett», sa han. Men dei sa han måtte frelse ho, om det så skulle koste land og rike. Så såg han på dauden, og mens dauden sat der og blunda att, vinka guten til tenarane at dei skulle snu senga i ei hast så dauden blei sittande ved føtene, og i det same det var gjort, gav han ho helsedrikken, så var ho frelst.

«No sveik du meg», sa dauden, «og no er det kvitt mellom oss.»

«Eg var nøydd til det om eg skulle vinne land og rike», sa guten.

«Det skal ikkje hjelpe deg stort», sa dauden. «Tida di er ute, for no tilhøyrer du meg.»

«Ja, skal det så vere, så la det så vere», sa guten. «Men du lar meg vel få lov til å lese ut Fadervår først», sa han.

Ja, det skulle han få lov til, men han passa seg vel for å lese Fadervår. Alt anna las han, men Fadervår kom aldri på tunga hans, og til sist meinte han han hadde snytt dauden for alvor. Men då dauden syntest det drygde for lenge, gjekk han dit ei natt og hengde opp ei stor tavle med Fadervår på, over senga til guten. Då han vakna, tok han til å lese på ho, og samla seg ikkje retteleg før han kom til amen, men då var det for seint.

Leave a comment